Prosjekt Konvoi - kvifor almefrø ?
Lauvtreet ALM (Ulmus glabra) er ei trua art, og står på norsk raudliste.
Frøa vert
kalla "almepengar", og dei som er i lasterommet på båtane, er finnarløn til deg.
Gruppe MIM har sanka frøa frå ei vakker alm i kunstbygda Vevring.
Alm treng mykje lys og vatn for å spire. Legg frøa i ei potte med t.d. torv.
Strø eit tynt lag torv eller jord oppå, omlag 1 mm.
La det stå lyst, og hald jorda fuktig.
Plant ei alm på ein lun plass.
Alm gir ly og vern for menneske og dyr.
Sjå plansje om alm.