GRUPPE MIM

Gruppe MIM


«Gruppe MIM» vart etablert i 1999 og består av tre kvinnelege kunstnarar med ulik kunstnarleg bakgrunn. Medlemmane arbeider individuelt, men i kunstnargruppa har dei eit formalisert samarbeid. Arbeidsområdet er knytt til prosjekt og kunstuttrykk i landskap, eller til større utstillingar knytt til ulike galleri. Gruppa er særleg oppteken av naturen som arena for kunstuttrykk, og naturmateriale som utgangspunkt for kunstverk.

Gruppe MIM syner fram arbeid med inspirasjon frå kvalitetar og eigenskapar til naturmateriale og tradisjonar på Vestlandet. Kunstnarane legg vekt på å lytte til materialet sine eigenskapar og til kva det gjev av idear og moglegheiter.

Målet er å skape verk med nytt innhald og ny bodskap, som har resonans frå arv og kultur. Såleis har Gruppe MIM ei von om å stimulere til kulturelt mangfald og å opne for dialog mellom menneske med ulik bakgrunn.